Thomas

og hans liv:

lørdag, september 23, 2006

Min Blog!












Heisann!

Eg skal gå på «University of the Nations» sin skole på Hawaii, på linja «School of Acting for the Screen» i haust. Det blir vanvittig bra! Den handlar i første rekke om skuespilling for film, og går sammen med ei film-skaperlinje. Eg digga å drive med skuespill, og har laga ein del filmar frå outreachar, promotering osv. Du kan få meir informasjon http://www.uofnkona.edu/com/acting.html

I korte ord vil emna omfatte:

- Introduksjon til kunstarten skuespill

-Visuell story-telling

- Script laging

- Jobbe med filmdirektør

- Auditioning

- Film historie og analyser

Eg ynskjer å utvide min kompetanse på dette området, for å muliggjere framtidige prosjekt med film, tv etc. Det er også mulighet for «internship» i forbindelse med skolen etter de første tre månadane, men eg har ikkje bestemt meg for mitt vidare engasjement enda. Det vil gjenstå å sjå ut i oppholdet kor ferda går vidare. Eg reknar med å forsette etter jul i enten Ungdom i Oppdrag eller tilsvarande.

Dette er noko eg virkelig likar å holde på med, og det blir spennande å sjå om eg kan satse videre!

Eg har store forventningar til oppholdet, ettersom eg veit at mange av dei tidlegare studentane no er aktive i film-miljøet innen skuespill, regi etc.

Natt til tirsdag 26.09.06 så reiser eg, og eg kjem attende på vesle julafta i denne omgang affal.

Eg skal prøve å holde litt oppdateringar gåande her!