Thomas

og hans liv:

søndag, oktober 15, 2006

EaRtH QuAkE 6,6

Ja det stemmer! I morges so våkna eg opp litt etter klokka 7 av ein voldsom risting! Eg rakk ikkje å tenke, men drog med meg lakenet, og sprang ut med ein gong. Me visste ikkje ka som skjedde, men me visste berre me måtte ut! Golv, tak, og veggar flytte seg raskt fram og tilbake i nokre sekundar.
Me såg etterpå at EPI-senteret for jordskjelvet var berre ca.16 km nord-vest fra campusen her! Skjelvet målte 6,6 på Richters Skala.
Les om skjelvet her: http://earthquake.usgs.gov/eqcenter/recenteqsww/Quakes/ustwbh.php

Eg veit ikkje om nokon som har blitt skada, men da eg var nede i byen såg eg fleire skader. På sjukehuset måtte dei evakuere pasientane da deler av taket falt ned. På Wal Mart skjedde noko av det samme. Her på basen er det ikkje store skader, men på det nederste bildet er for eksempel ei sprekke i eit av romma i bygget eg søv i.
Bildet med det knuste glasset er frå eit hotell nede i sentrum, og det med dei velta gjenstandane er frå ein butikk.¨
Det blei i dag advara om å bade, på grunn av understrømma. På det eine bildet ser du bølgene går i kryss og tvers.
Det var både "rystande" og spennande å oppleve, og bra så lenge det går bra med menneske i alle fall!
Det siste jordskjelvet her var i 1982 høyrte eg! Og det var mindre, så dette var spesielt!
Det skulle derfor ikkje være grunn til bekymring. Stoda er fin, og resten av dagen i dag har det vore steikende sol, og digg. Litt etterskjelv, men ikkje så store som det første.