IronMan og Luau

Javisst var det Ironman! Det er eit knalltøfft Triatlon, med fyrst 3,8 km symjing, so 180 km sykling, og til slutt eit joggemaraton på 42 km! Dette er ikkje for alle, og det var mange som fekk kjøyrt seg godt! Vinnaren blei tyskaren Normann Stadler, som du ser oppe til venstre.
Det var kjekt å vere med i security-teamet. Alt gjekk knirkefritt, og det blei eit kjempearrangement! Me var rundt 5000 friviljuge som deltok på alt frå security, mat/drikkestasjon, fyrstehjelp, og masse meir. Me i security blei utstyrte med raude t-skjorter. Eg fikk XXL... den satt ikkje som eit skudd, men nokon brukte kreativiteten og klippa og ordna sine til :)



Eg har vore på Luau! Det er ein typisk fest for øyfolk. Dei laga i stand masse av god mat, og har dans og opplegg på scenen! Fekk ein grundig innføring i korleis du kan bruke kokosnøtt og. Ikkje så dum den ser du :)
Dei bruka dansen for å ære Gud. Det er flotte greier, så ein fin kveld var det!
<< Home