No Excuse

Hei igjen!
Masse har skjedd sidan sist! Livet her nede på Hawaii er spennande og veldig bra! Eg har til og med fått med meg 2 turar te stranda! Ein på ei med svart sand, og ein på ei med kvit sand. Men det beste syns eg er det som skjer på skulen! Det er veldig bra saker. Me har fått litt innsikt i ka året komme til å gå i, og litt om ka som forventas og slik. Det kjem til å bli meget intenst. Ein regel dei har er : NO EXCUSE.... ingen unnskyldning.. det betyr at dei kjem til å kreve masse av oss, og blir det ikkje gjort tilfredsstillande, ja så er det din feil.... får du ei oppgåve skal det gjerast! For eksempel: Du skal skrive ut ei oppgave, men så er det tomt for papir, så du skal låne av andre, men du får ikkje brukt den, og det er tomt for blekk, og du gjere "alt i din makt" for å fikse oppgåva.. men ikkje gjer det... ja da har du gjort ein for dårlig jobb :)
Dei vil vera harde for å forbereda oss til den harde verkelegheita som er ute i filmverden. Det er ein knalltøff bransje! Mange menneske som vil inn i ein liten bransje... Og dette har kasta meg inn i ja... :)

Nokken av gutta på SDF og SAS (film-skaper, og skuespiller - skulen)
Men denne skulen er meget bra, så eg e velsigna! I dag har me vore heime hjå David Cunningham (son til UiO`s grunnleggar Loren - avbildet her),

og han har delt med oss, og prata om livet hans som film-skapar. Han er kommet ganske langt i dette gemet, og stod no sist for produksjonen av Dok-drama filmen "The Path to 9/11" http://abc.go.com/movies/thepathto911/
Den gikk på ABC i USA den 10 og 11 sep., og vakte store reaksjona nasjonalt! Kjente skuespillara som Harvey Keitel var i den.
Tidlegare har han m.a. laga ein utruleg bra film, som alle bør sjå: "To End All Wars"http://www.toendallwarsmovie.com/, med bl.a. stjerner som Kiefer Sutherland, og Robert Carlyle.
Utruleg privilegium å få komme heim til han, og høyre han dele om utfordringa, og erfaring!
Filmar ser me i tonnevis her nede... me må studere heile faget nøye, skal me kunne vere på høgde her!
Som sagt folkens; eg trivs, og ser fram til resten!!

<< Home