Premiere



Premieren er over og me har gått på den raude løparen! Det var ein artig kveld, og me fekk masse god tilbakemelding. Det var litt skummelt å sjå seg sjølv der oppe, men det gikk eigentleg veldig greit lell. Kvelden drog ut, for me fekk litt tekniske problem med DVD avspelinga, men me kom i land te slutt, og folk var fornøgde!
Ja dette har vore ei gode og lærerike tid, som no snart er over. På tirsdag skal me ha den siste eksamen, og so er det "wrap-party," som i bunn og grunn betyr at me er ferdige! "It's a wrap" er eit uttrykk som me brukar når me har gjort unna all filmingen i eit filmprosjekt! På torsdag lettar flyet, og eg skal til fedrelandet og feira jul i gamle omgivelsar!


<< Home