Thomas

og hans liv:

torsdag, september 28, 2006

På verandaen

Heisann!
Her står eg på verandaen der eg bur. Palma, sjø og cruiseship i horisonten.
I dag skal eg ned på skulen og registrere meg. Eg var ein tur innom "campusen" der i går, og det var utrulig svært! De har friske plana om å bygge masse vidare der og!
De siste par dagane har eg stort sett slappa av, sett litt film, prøvd å komme over det verste "jet-laget" og blitt litt kjent. Eg trivs og kosa meg!

Visste du:

-at det er 14 forskjellige typer av klimaområder i verden, og på denne varierte øya Kona finn du heile 11 av de! :)


tirsdag, september 26, 2006

Til Hawaii

LEAVING LOS ANGELES

KONA BY NIGHT

ALOHA!

No e han jammen komme seg på Hawaii!! Eg landa for 3 tima sidan, og gikk ut av flyet til ein uhøgtidleg, avslappa flyplass. Det er stemninga her nede, folk tar det med ro! Tempen var veldig fin! Flyturen var ok, men fikk ikkje sova so masse, i alle fall ikkje samannhengande. Alt gikk no fint med bytte av fly og sånn i alle fall! Amerikanarane e blitt ganske so hissige no, etter desse angrepa i London.

På flyplassen i Los Angeles traff eg tilfeldigvis søstera te han som eg bur hos her desse 2 dagane fram til skulestart på torsdag, so det va jo artig.

Han (Timothy) henta oss på flyplassen, og me kom heim til huset som var veldig flott!
Dei diska opp med lakse-middag og det va fint!

Mobilen min fungera ikkje, so da bli ikkje noko kommunikasjon på den fronten ser da ut te. Det e jo da det e fint med blog og slik da!

Klokka her e 12 tima etter Norsk tid. Da e praktisk,og lett å regna! :)

lørdag, september 23, 2006

Min Blog!












Heisann!

Eg skal gå på «University of the Nations» sin skole på Hawaii, på linja «School of Acting for the Screen» i haust. Det blir vanvittig bra! Den handlar i første rekke om skuespilling for film, og går sammen med ei film-skaperlinje. Eg digga å drive med skuespill, og har laga ein del filmar frå outreachar, promotering osv. Du kan få meir informasjon http://www.uofnkona.edu/com/acting.html

I korte ord vil emna omfatte:

- Introduksjon til kunstarten skuespill

-Visuell story-telling

- Script laging

- Jobbe med filmdirektør

- Auditioning

- Film historie og analyser

Eg ynskjer å utvide min kompetanse på dette området, for å muliggjere framtidige prosjekt med film, tv etc. Det er også mulighet for «internship» i forbindelse med skolen etter de første tre månadane, men eg har ikkje bestemt meg for mitt vidare engasjement enda. Det vil gjenstå å sjå ut i oppholdet kor ferda går vidare. Eg reknar med å forsette etter jul i enten Ungdom i Oppdrag eller tilsvarande.

Dette er noko eg virkelig likar å holde på med, og det blir spennande å sjå om eg kan satse videre!

Eg har store forventningar til oppholdet, ettersom eg veit at mange av dei tidlegare studentane no er aktive i film-miljøet innen skuespill, regi etc.

Natt til tirsdag 26.09.06 så reiser eg, og eg kjem attende på vesle julafta i denne omgang affal.

Eg skal prøve å holde litt oppdateringar gåande her!