Thomas

og hans liv:

fredag, november 24, 2006

Happy Thanksgiving!



Thanksgiving, eller Takkegivning som det heiter på godt norsk..
feira me i går. Det er ein stor dag for amerikanarane, og handlar om ein gjeng engelskmenn som rømte frå landet på grunn av mangel på religiøs friheit, og kom til statane nokre hundre år sidan. Då holdt dei ein takkefest til Gud etter mykje harde tak (kort fortalt). Så til alle amerikanske som evt lese detta: HAPPY THANKSGIVING!

Dette har vore ei veke med masse fokus oppover, da Marc James har hatt undervisning med oss. Det har vore veldig bra. Han er ein dyktig musikar, og har mellom anna skrive låta Surrender. Han har snakka om hans erfaringar som artist; inspirerande!

Marc med sin lap steel!

onsdag, november 15, 2006

Filmmaking!


Frå filmen "Grab YOur Chance"

Frå filmen "Me 360"

Då var det tid for oss å kaste oss ut i det, og byrje med å lage filmar! På filmskaper linja er det 15 studentar, og dei har skrive kvart sitt filmskript. Eg skal vere med i til saman 7 filma, derav har eg 3 hovudrollar! Det er ganske so hektisk denne veka. Me skal "skyte" alle filmane i løpet av ei drøy veke... Eg syns det e ganske so utfordrande å holde fokuset, og komme inn i alle rollane.
I tillegg har eg jobba med ein bokrapport denne veka om Stanislavski sin lære. Han var ein russisk gluping som levde ved byrjinga av 1900-talet. Hans metode i skodspel blir kalla "The Method". Mange store skodespelarar brukar denne teknikken, og nokre lever i rollen sin både på og utanfor filmsettet, som for eksempel Robert De Niro som har vore kjend for det. Det går i det å skape ekte og naturleg liv i rollen, og å leve det som skjer utanpå på innsida, og å tenke, føle, oppføre seg osv som den karakteren du spelar. Det er masse greier å lære seg i dette, og er veldig interresant tykkjer eg. Ein får berre kaste seg ut i ting, og satse!
Ellers smiler sola forsatt her nede. Eg høyrer rapportar om både snø og frost heime i fedrelandet. De får berre kle godt på dykk folkens, då kan ein jo berra å kosa seg uansett!!
"Å frykte Herren er begynnelsen til visdom, og å kjenne Den Hellige er forstand" Ordspr. 9:10

søndag, november 05, 2006

Me hoppa i det!




Klippehopp!
Me drog avgårde sørover i dag til "south point" som er det sørligste punktet til USA. Der hoppa me uti havet i klippehopp på 12-13 m høgde. Det va kjempekjekt! Oppatt så var det å karre seg opp ein rusten stige. Skulle ein falle av, so va det no berre rett uti igjen! Utruleg reint og digg vatn der nede! Det var godt å ta seg ein fridag no. Me reiste i bil, og køyrde rundt heile øya.


Me såg vulkanområda i sør, med lavastein på lavastein. Kanskje me kan dra seinare ein gong å sjå flytande lava som også er forskjellige plassar til ulike tider. På heimvegen køyrde me rundt til Hilo på austsida. Der var det veldig grønt og frodig, og me kom blant anna til ein plass som såg ut som tatt rett ut av ein sjørøvarfilm!