Thomas

og hans liv:

mandag, oktober 30, 2006

Ohana - Family!




Ohana Court

Her var me samla til lovsang igjen i dag, måndags morgon. Då samla me heile basen felles.

Ohana betyr familie. UiO-familien e jo eit begrep. Me e som ein stor familie, med mange forskjellige oppgåver her. Saman som brødre og søstre!

SNORKLING!

På laurdag var eg og romkameraten min, Josiah ute og snorkla på "children-beach" Det var fantastisk flott, og me såg masse av merkelige fiskar, og so symde me med ei sjøskilpadde og! Dei har me ikkje lov å røra, men me kan symja attmed dei. Knallfint å dukka ned i denne verdenen i sjøen. Eit heilt anna liv der nede :)

POST!

Det e kjempekjekt å få post, så det tek eg gjerne imot! Dette er adressa:


Thomas Alexander Øygard, SAS

University of the Nations #250
75-5851 Kuakini Highway

Kailua-Kona, HI 96740-2136

USA

onsdag, oktober 25, 2006

IronMan og Luau

IRONMAN!
Javisst var det Ironman! Det er eit knalltøfft Triatlon, med fyrst 3,8 km symjing, so 180 km sykling, og til slutt eit joggemaraton på 42 km! Dette er ikkje for alle, og det var mange som fekk kjøyrt seg godt! Vinnaren blei tyskaren Normann Stadler, som du ser oppe til venstre.
Det var kjekt å vere med i security-teamet. Alt gjekk knirkefritt, og det blei eit kjempearrangement! Me var rundt 5000 friviljuge som deltok på alt frå security, mat/drikkestasjon, fyrstehjelp, og masse meir. Me i security blei utstyrte med raude t-skjorter. Eg fikk XXL... den satt ikkje som eit skudd, men nokon brukte kreativiteten og klippa og ordna sine til :)


LUAU!
Eg har vore på Luau! Det er ein typisk fest for øyfolk. Dei laga i stand masse av god mat, og har dans og opplegg på scenen! Fekk ein grundig innføring i korleis du kan bruke kokosnøtt og. Ikkje så dum den ser du :)
Dei bruka dansen for å ære Gud. Det er flotte greier, så ein fin kveld var det!

fredag, oktober 20, 2006

Etter Jordskjelvet...

















Haggai 2:4-9
Vær frimodig, alt folk i landet! lyder ordet fra Herren. Gå og arbeid, for jeg er med dere! lyder ordet fra Herren, Allhærs Gud. 5 Dette løfte gav jeg dere da dere drog ut fra Egypt. Min Ånd bor iblant dere. Frykt ikke! 6 For så sier Herren, Allhærs Gud: Enda en gang, om en liten stund, vil jeg ryste himmelen og jorden, havet og det tørre land. 7 Jeg ryster alle folkeslag, så deres skatter kommer hit. Og jeg fyller dette hus med herlighet, sier Herren, Allhærs Gud. 8 Sølvet er mitt, og gullet er mitt, lyder ordet fra Herren, Allhærs Gud. 9 Dette nye hus skal bli herligere enn det første, sier Herren, Allhærs Gud. På dette sted vil jeg gi fred, lyder ordet fra Herren, Allhærs Gud.

Gud har vore trufast mot oss! Etter jordskjelvet har det vore fleire etterskjelv, det nest største etter var på heile 5,9 trur eg. Det er blitt store skader rundt om, men campusen her blei spart utrulig bra. Det var eit rom som var ledig på basen, og på det rommet blei glassruta knust, og glassplintane stod ned i senga... det var kun der det skjedde! Gud er trufast!
Hjå dei eg budde hjå dei første dagane her nede så rapporteras det at plenen sank over ein halv meter! Me har ein DTS som er litt nord på øya, på Makapela. Dei mista garderobebygget sitt. I går kveld hadde me ein fantastisk lovsangskveld, der folk var i fyr og flamme, og me tok opp offer til oppattbygging!

På det store bildet ser du flommen som var på campusen her natt til tirsdag. Det var eit volsomt regnvær, og fleire rom holdt på å bli oversvømma, men folk bygde demninga, kanala, og kosta og stod på så me klarte oss! Morro :)

Ellers har eg lagt inn bilder frå ein øvelse der me har sittende statuar, og eit bilde av gjengen under filming av monologane våre.

I morgon (laurdag) er det IRONMAN! Det er eit Triatlon, som er viden kjent. Det har drege massevis av folk frå heile verda til øya. Me skal vere med der som friviljug i "security" gjengen. Det blir morro! http://www.ironman.com/

søndag, oktober 15, 2006

EaRtH QuAkE 6,6

Ja det stemmer! I morges so våkna eg opp litt etter klokka 7 av ein voldsom risting! Eg rakk ikkje å tenke, men drog med meg lakenet, og sprang ut med ein gong. Me visste ikkje ka som skjedde, men me visste berre me måtte ut! Golv, tak, og veggar flytte seg raskt fram og tilbake i nokre sekundar.
Me såg etterpå at EPI-senteret for jordskjelvet var berre ca.16 km nord-vest fra campusen her! Skjelvet målte 6,6 på Richters Skala.
Les om skjelvet her: http://earthquake.usgs.gov/eqcenter/recenteqsww/Quakes/ustwbh.php

Eg veit ikkje om nokon som har blitt skada, men da eg var nede i byen såg eg fleire skader. På sjukehuset måtte dei evakuere pasientane da deler av taket falt ned. På Wal Mart skjedde noko av det samme. Her på basen er det ikkje store skader, men på det nederste bildet er for eksempel ei sprekke i eit av romma i bygget eg søv i.
Bildet med det knuste glasset er frå eit hotell nede i sentrum, og det med dei velta gjenstandane er frå ein butikk.¨
Det blei i dag advara om å bade, på grunn av understrømma. På det eine bildet ser du bølgene går i kryss og tvers.
Det var både "rystande" og spennande å oppleve, og bra så lenge det går bra med menneske i alle fall!
Det siste jordskjelvet her var i 1982 høyrte eg! Og det var mindre, så dette var spesielt!
Det skulle derfor ikkje være grunn til bekymring. Stoda er fin, og resten av dagen i dag har det vore steikende sol, og digg. Litt etterskjelv, men ikkje så store som det første.




lørdag, oktober 14, 2006

Skodespel-trening!



Fyrste veka med skodespel-trening er unnagjort. Det var ei fullpakka veke! Bruce Ladd jobba med skodespel i teater, og har gitt oss masse stoff å tygge på. Han e ein veldig bra lærar. Det er kjempe-utfordrande, men også veldig morro! Me jobbar mykje med øvelsar som hjelp oss å bedra konsentrasjonen, og fokus. I tillegg har me hatt monologar, dialogar, osv. Monologen min gjekk vel so som so kanskje :)


Andre postar:

- Me ser film 2 kvelda i veka, og lagar analysar, har diskusjonar osv.
- Me har fellesmøte med heile basen torsdagskveldane
- Me har lovsang måndag morgonane med basen
- Me har bønn med basen onsdagane.
- Pluss pluss


Visste du?
At Hawaii er det mest isolerte befolkede senter i verden. Hawaii er 3846 km frå California; 6196 frå Japan; 7886km frå Kina; og 8497 km frå Filipinene.

søndag, oktober 08, 2006

SAS og SDF hausten 2006

SAS og SDF hausten 2006

Du skal få lov å sei det: for ein flott gjeng med ungdom!

Dette er altså folka på filmskaperlinja! Det er ein fin forsamling, samansatt av framtidige skodepelarar, regissørar, script forfattarar, editorar, osv. Dei elska Jesus, og ha ynskje om å ta med gode verdiar til nasjonane. Men korleis skal ein gjere det? - sikkert mange svar på det, men det dei vil er å lage kvalitetsfilma, dokumentara osv. som kan appelere til eit breidt publikum.

SKORPION!

Jada.. det er masse ein skal komme borti uti det store utland.... her er ein kamerat som var på campusen her. Han var litt småhissig da han blei fanga i ein kopp, og han tok ut litt av aggresjonen på dette skrukketrollet her..

Dette e vel sikkert dagligdags her, så dette går fint folkens!

Stilla før stormen...

Det ryktast at skulen blir meir og meir intens utover no, so me spenne oss fast, og e klar!

Salme 103:22

Lov Herren, hele hans skaperverk, på alle steder hvor han rår. Min sjel, lov Herren!

tirsdag, oktober 03, 2006

No Excuse



Hei igjen!

Masse har skjedd sidan sist! Livet her nede på Hawaii er spennande og veldig bra! Eg har til og med fått med meg 2 turar te stranda! Ein på ei med svart sand, og ein på ei med kvit sand. Men det beste syns eg er det som skjer på skulen! Det er veldig bra saker. Me har fått litt innsikt i ka året komme til å gå i, og litt om ka som forventas og slik. Det kjem til å bli meget intenst. Ein regel dei har er : NO EXCUSE.... ingen unnskyldning.. det betyr at dei kjem til å kreve masse av oss, og blir det ikkje gjort tilfredsstillande, ja så er det din feil.... får du ei oppgåve skal det gjerast! For eksempel: Du skal skrive ut ei oppgave, men så er det tomt for papir, så du skal låne av andre, men du får ikkje brukt den, og det er tomt for blekk, og du gjere "alt i din makt" for å fikse oppgåva.. men ikkje gjer det... ja da har du gjort ein for dårlig jobb :)
Dei vil vera harde for å forbereda oss til den harde verkelegheita som er ute i filmverden. Det er ein knalltøff bransje! Mange menneske som vil inn i ein liten bransje... Og dette har kasta meg inn i ja... :)

Nokken av gutta på SDF og SAS (film-skaper, og skuespiller - skulen)

Men denne skulen er meget bra, så eg e velsigna! I dag har me vore heime hjå David Cunningham (son til UiO`s grunnleggar Loren - avbildet her),

og han har delt med oss, og prata om livet hans som film-skapar. Han er kommet ganske langt i dette gemet, og stod no sist for produksjonen av Dok-drama filmen "The Path to 9/11" http://abc.go.com/movies/thepathto911/
Den gikk på ABC i USA den 10 og 11 sep., og vakte store reaksjona nasjonalt! Kjente skuespillara som Harvey Keitel var i den.
Tidlegare har han m.a. laga ein utruleg bra film, som alle bør sjå: "To End All Wars"http://www.toendallwarsmovie.com/, med bl.a. stjerner som Kiefer Sutherland, og Robert Carlyle.
Utruleg privilegium å få komme heim til han, og høyre han dele om utfordringa, og erfaring!
Filmar ser me i tonnevis her nede... me må studere heile faget nøye, skal me kunne vere på høgde her!
Som sagt folkens; eg trivs, og ser fram til resten!!